tirsdag 14. juli 2009

Krim og jus

Soul-songarinna, Jill Scott, spelar hovudrolla i Damenes Nr. 1 Detektivbyrå som er filmatisert og p.t. blir send som serie på Canal+. Fin filming frå Afrika, koseleg og underhaldande.

Alexander McCall Smith har skrive bøkene om Damenes..... Les om han på Wikipedia.

Grisham er ein av mine yndlingsforfattarar. Mange av bøkene hans er filma. Denne boka er knallgod og bør lesast av alle som er interessert i jus. Ei utruleg historie.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg har lese ei av bøkene om Damenes detektivbyrå, men trur det må vere kjekkare å sjå filmane. Har lese fleire av Grishams bøker, og dei er gode. Som lydbøker krev dei at ein konsentrerer seg.

Elin sa...

Du tek vel opp alle episodane av Damenes? Kjekt å ha noko å slappe av med utover...til no har Audhild og eg sett alt av Jane Austen som vi har lånt med Hilde, og i tillegg kosa eg meg ein kveld med Miss Potter, det var ein ordentleg go'film!
Grisham har eg til gode, men det er sikkert vel så bra som desse svenskane!

Hildegard sa...

Har tatt opp Damenes.. til døtrene, så det blir nok høve å låne dvdane. Eg tykte filmen var betre enn den eine boka eg las. Besten kosa seg også med denne serien!
Enig i at ein må konsentrere seg om lydbøkene til G. Denne boka var også veldig lang.
Eidabesta