lørdag 6. desember 2008

Gratulerer!

No laurdag feirar svigerinna mi 60-årsdagen sin i Torvika. Bror min har nett fylt 65 år. Vi gled oss til å feire dagen i lag med dei, borna, vennene deira og syskjena mine. Måleriet er ein kopi måla av Besten frå originalmåleriet til Anders Orheim frå 1920-talet.

I morgon feirar også svigersonen vår, Roger, 47 år. Han er gift med eldste døtra vår og dei har 3 store, kjekke born, ein golden retriver + 2 hestar.

3 kommentarer:

Besta sa...

Du må helse til alle og gratulere dei frå oss. De har ein stor, fin familie !

Elin sa...

Vakkert bilde. Er glad eg har dette på stoveveggen min!

Astrids malehjørne sa...

Hei, tante! Takk for helsing på bloggen min. Ja, dette bildet er kjempefint. Glad eg har ein kopi eg òg ;)
Vi kjem ikkje til Nordfjord denne Jula, men neste. Då er det fint at vi har videotelefon/Skype, så vi kan dukke opp i stova på ein måte, likevel.
Vi skulle så gjerne ha vore med på den fine 60-årsfeiringa, men det er ei lang reise med to små, og vi er avhengig av overnatting på halvegen. Det lot seg ikkje gjere denne bursdagen. Men vi skal feire saman over Nyttår.
Ha ei fin førjulstid. Koselege bilder hos Lillemø, forresten. -Og fine barnebarn! Du må helse onkel og dei andre.

Klem AK