søndag 7. desember 2008

Bursdagsfeiring i Eidsgt.




I og med at vi feira stort i Torvika i går, vart selskapet til Roger utsett til i dag. LilleMø hadde svigerfar på søndagsmiddag og vi andre i familien kom til kaffi. Eg hadde steikt dia-lappar (vi er minst 3 som må vere forsiktige med sukkeret), Strikkemor hadde med sjokoladekake og LM hadde laga kvæfjordkake, brownes og dia-gele. Ei triveleg stund, kjekt så lenge syskjenborna kan vere i lag. Etter kvart vil dei nok reise vekk på skule og jobb, så ein får setje pris på denne tida. Hestejentene var i stallen både før og etter selskapet, men fekk tid til å gje papsen sin ein bursdagklem. Damene i selskapet vart fotografert i den nostalgiske kroken. Søster Mariann var i Stavanger og feira sonen sin 30-års dag.

2 kommentarer:

Besta sa...

Artig bilde av damene i dei gamle møblane. Det er kjekt at LM har teke vare på dei. Eg husar dei frå bestemor si tid på Hildegard, då var dei trekte med raudbrunt ullstoff. Flotte damer også, forresten.

STRIKKEMOR(O) sa...

Artige bilder,ja! Etterpå måtte LM og eg ut å gå trimtur....