tirsdag 2. desember 2008

Bakedag

Bakedag i går, kransekaker og Ingers rugbrød. Måndag er ein fin bakedag, har som oftast ikkje andre "avtaler" då. Hadde tinging på nokre kransekaker til jul, så det vart 72 ringar, dvs. 4 kaker. Tek gjerne imot tips frå kokkene på Sunnmøre på kva eg skal bruke dei 12 eggeplommene til som eg har frose ned. Har investert i nye former, burde vore gjort for lenge sidan, lettvint med slippbelegg. Dei gamle formene må vere frå 70-talet, hugsar ikkje kor tid eg byrja med kransekakebaking, men konfirmasjonane her starta i 1980. Kakene frys eg ned, då blir dei mjuke og gode å bite i. Før i tida la dei ein brødskalk i kakeboksen for å få dei mjuke. Må vel steike nokre krumkaker også, det er nesten tradisjon i vår familie, etter farmor si tid - ho stod føre julebaksten då ungane var små - SI er alt byrja å snakke "framonde". Kakemenn og slike ting får dei kose seg med å lage i kvar sine heimar, artig for dei minste. Besten er flink å fullføre UFOane sine. Målinga er fin trening for den skada armen, tykkjer han, i og med at han no er slutta med fysioterapi. Godt det går så bra med han, i fjor vinter vart målinga spolert på grunn av at han hadde skada seg.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg har kransekakeringar, men har ikkje fått dreisen på bakinga. Eg trur eg hadde for mykje eggekvitar første gongen.
Eggeplommer brukar eg i heimelaga vaniljesaus, puddingar m.m. eller det som er aller mest populært her (eg brukar å ha omvendt problem) Pasta Carbonara. Elles meiner eg det finst eggeplommekaker.

Besta sa...

Eg hugsar då du begynte å lage kransekaker og vi fekk ei i julegåve kvart år. Dei var fantastisk gode! Sjølv har eg aldri tort meg ut å DEN galeien, men det ordna seg då vi fekk W. inn i familien. Mor hennar er fantastisk til å lage kransekaker, og då dryp det litt på oss også.Eggeplamme kan ein bruke til så mangt, t.d. eggekrem som er nydelig kakefyll. Solveig veit sikkert andre ting også.

STRIKKEMOR(O) sa...

Skal seie du står på! Kransekakene dine brukar å vere kjempegode - dette kan du!!