mandag 1. desember 2008

Advent

I går kveld var eg med LilleMø til lysmesse i kyrkja. Stemningsfull og fin stund. Konfirmantane deltok aktivt i gudstenesta med prosesjon, levande lys og tekstlesing. Eldstejenta til LM og fetteren frå Myklebuståsen, deltok i tekstlesinga saman med fleire andre konfirmantar.
Laurdag ettermiddag hadde vi uventa besøk av Lappetausa med familie. Ho hadde med ferdig middag, svineribbe med tilbehør. Dei skulle til Måløy der eldstejenta er, men fekk trøbbel med bilen, så dei møttest her i staden. Koseleg. Begge jentene hennar er vekke på skule dette året, så det var artig å treffe dei igjen. Vi fekk også middag, uventa og godt, for eg hadde tenkt å lage laurdags-graut. Strikkemor og -far med dei to minste kom til kaffi, så det vart litt sying, strikking, latter og prating utover kvelden. Mange var innom oss på laurdag, fyrst LM og hennar firbeinte venn, Viktor, så ein veteran-venn av Besten om nyleg er hjarteoperert, så SI, M og K frå Golvsengane. Søndagen var ein heller roleg dag, berre ein liten trimtur med broddar.
I dag blir det kransekake-baking i stor stil på meg, har lova bort eit par kaker til jul. Mandagane er Besten på jobb, så det høver godt. God veke!

4 kommentarer:

Elin sa...

Takk for sist! Det var veldig hyggeleg, trass i bilproblema...
Fint bilde av Eidskyrkja. Ha ei fin veke!

STRIKKEMOR(O) sa...

Du hadde ei aktiv og variert helg. Neste helg blir det kanskje lefsebaking?

arieldog sa...

Akkurat slik burde vi alle tilbringe førjulstida, med besøk og kos... Fint bilete av Eidakyrkja!

Besta sa...

Det er lettare å komme seg ut dørene når ein har barnebarn å følgje med.Vi var på besteforedrefest på Hareid skule, og forrige sundag var vi og såg Bjørnasetungane danse ballett. Hadde vi hatt alle her i bygda, hadde det vel vorte meir. Koselig bilde av Eidakyrkja.