Høgtideleg markering av 8. mai på Plassen ved statua "Sørgende mor" av Dyre Vaa. Servering av kaker og kaffi i ei av stovene på Hærmuseet like ved.
Stor markering av dagen i Måløy i dag.
6. mai feira Stein Inge sin 46-årsdag.
Margunn hadde laga iskake, gjærbakst og sveler og vi hadde ei triveleg kaffistund på Golvsengane. Som pensjonistar er det rart å sjå at borna er komt "midt i livet" og at barnebarna blir vaksne.23. april feira eg 70 årsdagen min heime i Alleen i lag med næraste familie. Audny var kjøkkensjef", så eg fekk nyte dagen og prate med gjestane.
I og med at Audny feira sin 50 årsdag 31. mars i Syden i påska og Kristoffer hadde sin 27 årsdag den 14. april, vart det på lag ei fellesfeiring denne gongen. Takk for ein fin dag!


Eg lurte ei stund på om det var meg du hadde bilde av her...vi er visst bra like. Mykje å feire dette året!
SvarSlett