tirsdag 22. april 2014

Solnedgang ved Nesje fyrlykt 1. påskedag.




Solnedgang kl 21.30 1. påskedag:




Fiskebåt på veg inn fjorden forbi Grotlesanden:


Fin tur til hytta siste to dagane i påska, vindstille og varmt 1. påskedag, så Kristine og eg gjekk på foto-safari til "Sjåberget".  Ho har skikkeleg kamera og klikka i veg, men eg tok nokre bilder eg også med mitt vesle kamera og mobilen.  Det var litt "havgang" med flotte bølgjer/brenningar som slo mot skjæra og berget.  Det såg ut til å bli ein fin solnedgang, så vi gjekk tilbake til berget om kvelden og venta på at sola skulle gå i havet. Dei to dagane gjekk altfor fort med lesing og utekos.
Kristine spelar fotball for Eid IL og handball for Stårheim IL - litt artig det siste, i og med at både mor og farmor er ekte stårheimarar, men vi har busett oss på N.eid.

søndag 13. april 2014

God påske!


Kosekroken i utestova er klar, men det har vore ein kald og utriveleg palmesøndag, berre 5-6 plussgrader og regn, så vi har fyrt i omnen og halde oss innadørs.  Tidleg i april hadde vi nokre fine dagar, trudde nesten våren var komen, då.  YR melder varmare og finare vêr frå fredag, så kanskje det blir ei fin avslutning på påska.  Vi som er pensjonistar, skal vel ikkje klage på veret, kan nyte dei fine dagane når dei kjem.  Vi får trøste oss med at "Aprils kulde, gir bondens løer fulle", kanskje ikkje heilt rett sitert?  Ønskjer alle ei riktig god påske!

tirsdag 1. april 2014

1. april 2014




I dag tok vi ein ettermiddagstur til Harpefossen - Remmedalen - Stårheim i fineveret. Køyrde også eit stykke utover den nye skogsvegen i Myrold-fjellet, som går frå Remmedals-vegen og vestover. Den ligg høgt og fritt, fantastisk utsikt, perfekt trim- og tur-veg. Vi ser "Smia" og Hafsås, og over til Haugstad på andre sida av fjorden.