Koseleg foto av Rasmus, mor og far i Remmedalen hjå mormor Bella og morfar Peder. Det var framleis krig i landet og sikkert ikkje enkelt for unge par med små born. Far var nett ferdig elektrikar frå Teknikken i Bergen (26 år gml i 1944). Krigen gjorde at det tok tid å få seg ei utdanning. Dei budde i Torvika hos farmor og farfar. Onkel Rasmus dreiv garden på den tida, og han hadde kone og 5 born, så det vart mykje folk i huset. Far (Kåre) bygde hus på "Stykket", som vi flytta inn i i 1947, då var Bodil og Anne Marie også komne til. I 1950 overtok far garden etter at onkel R m/fam emigrerte til USA. Vi flytta ned i Torvika og onkel Johan kjøpte huset på Stykket. Men det er ei anna historie.Gratulerer også til Rasmus på Kongsberg, som Svein er onkel til.
Eg er glad du har teke opp arven etter mor med å skrive og minne om ting som har vore. Biletet er berre så vakkert!
SvarSlettDette var koselig. Takk skal du ha Bodil.
SvarSlett