mandag 25. mai 2009

Konfirmasjon


I går feira Ingrid og Lars (fetter) konfirmasjon. Fullsett kyrkje, der alt gjekk rett og riktig for seg. Overasking til prest Terese (og ektefelle-prest) på slutten av gudstenesta, då alle konfirmantane gjekk fram i koret og song "You rise me up" til vakker pianomusikk. Preste-paret skal no flytte attende til austlandet, der dei begge kjem frå, i samband med at eldste barnet deira skal byrja i 1. kl. frå hausten av. Felles-selskap på hotellet, middag og kaffe. Konfirmantane og foreldra delte på presentasjonar, taler og underhaldning. Koseleg og avslappa stemning.
Ein fin dag. Foto av konfirmantane ved hotellet og i Jektehola.

torsdag 21. mai 2009

Mai du milde




Foto-seanse med veslejenta i blømande epletre i går. Vi var på koseleg besøk hjå Lappetausa på hytta i kveld og fekk med oss vakker solnedgangen over Gjegnen. På turen utover fekk vi også knipsa to hjortar som beita på Manset-bøen.

mandag 18. mai 2009

Vel overstått 17. mai

Kjekk dag heime i Alleen med visittar av barn og barnebarn som deltok i barnetog og folketog utover dagen. Dei kunne fortelje om gode taler m.a. tale for dagen av stortingsrep. V., Gunnvald Ludvigsen, ein av mine tidlegare sjefar.

mandag 11. mai 2009

Vår-tur over fjellet


Laurdag var vi på Oslo-tur. Fekk oppleve byen i strålande fint ver. Sjølvsagt var det Operahuset i Bjørvika som stod høgst på ønskjelista mi, så no har eg vore på taket. Besten var på Ekeberg-sletta på marknad i lag med veteran-venner og hadde ein fin dag der. Han var også på to garasje-besøk hjå kjende i Asker frå Englands-turane våre. Vi budde hjå Frode og Kari i lag med Per som var "privatsjåfør". Køyrde over Gol nedover og Fagernes heim att. Fint over fjellet. Ei koseleg helg.

onsdag 6. mai 2009

Stein Inge 40 år!


Vi vil gratulere S.I. med den store dagen. Øverste bilde er konfirmant 3. juni 1984. Nederste bilde kan vel forvekslast med yngstesonen, Magnus, hadde det ikkje vore for sofaen og skjorta?

lørdag 2. mai 2009

Mai-tur

Hyttetur 1. mai i vakkert vårver. Fin tur utover på sørsida av Nordfjorden. I dag kjøpte vi frossen fisk hjå Larsen før vi reiste inn att i regnver. Bildet viser Hammeneset og deler av heimbygda mi tatt frå fergeleiet på Isane. Vakre fjell i bakgrunnen.