tirsdag 31. mars 2009

Gratulerer LilleMø!

Gratulerer eldstejenta med 44-årsdagen i dag! Dessverre er ho bortreist på dagen - har studiedagar på NLH ÅS denne veka - tidlegare studiestaden hennar for over 20 år sidan. Kristoffer, den førstefødde, fyller 21 år den 14. april, så det blir vel fellesfeiring i påska, kanskje?
Eg har scanna ein del gamle bilder i vinter og fann bl.a. dette av Hilde, Solveig og Audny. Kanskje Olaug hugsar noko om kor tid det vart tatt? På gardinene å døme er det på Hildegard. Brillene til Audny er heilt "up to date", såg på God morgen Norge i dag kva som er moderne i år! Og kva med gensaren til Strikkemor, har ho strikka den sjølv?

lørdag 28. mars 2009

Gratulerer Olaug

Fire generasjonar jenter:
Oldemor Marie, bestemor Amanda, mor Olaug og vesle Solveig i 1963.

Olaug i Innvik - truleg under krigen.

I dag har mi kjære svigerinne bursdag. Eg vart kjend med henne sommaren 1963. Då var ho nettopp blitt mor for første gong. Mange gode minner. Skal ikkje røpe alderen, men dei som les bloggen hennar, merkar nok at ho er ung til sinns. Vi gled oss til å besøkje henne i dag.

onsdag 25. mars 2009

Rikard 95 år

Rikard og niesa Ellen Marie, dotter til Eldbjørg, på Hildegard.

Barnedåpen til Reidun i 1947 på Hildegard: Ellen, Hilda, Amanda, Else, Eivind, Rikard, Storm.

I dag fyller Rikard 95 år. Han er onkel til Olaug og Svein og vaks opp på Hildegard, foreldre Hilda og Eivind Os. Han hadde 3 syskjen, Storm, Eldbjørg og Ellen. Rikard har budd i Oslo heile sitt vaksne liv, no på Nordstrand, steller seg sjølv, går til butikken og handlar m.v. Kona, Else, døde for eit par år sidan etter nokre år på pleieheim i nærleiken. Rikard vitja henne kvar dag medan ho var der. Mor til Rikard vart også over 90 år. Begge dei gamle budde i 1. etg. då vi flytta inn i 2. etg. på Hildegard i 1965 på min 20 års dag. Audny var knapt ein månad då og det var stor stas å få eiga leiligheit.

lørdag 21. mars 2009

Mormor Bella

Bilde: Ragnhild, Bella, Astrid på Smia.

I dag er bursdagen til mi mormor, Bella Olufine Hanebrekke, f. Almklov i 1890 d. 1982. Ho vart 92 år og siste 10-12 åra av sitt liv budde ho hjå mi mor i Torvik (Smia). Ho var åndsfrisk til det siste. Morfar, Peder f. 1882, døde i 1966. Foreldra hans kom frå Åsebø i Heggjabygda og kjøpte seg gard i Remmedalen. Bella var jorda-jente i Almkloven, men garden i R. var meir lettdriven, så det vart til at garden i A. vart seld og dei overtok Slettebøen i R. Far til Bella, Laurits, bodde hjå henne siste åra av sitt liv. Bella og Peder hadde 4 born, Ola, Ragnhild, Astrid og Leif. No er det berre mi mor, Astrid, som lever igjen. Ho er i sitt 90-ande år og bur på Eid Eldretun.
Eidabesta

mandag 9. mars 2009

Gratulerer Ingrid!

I dag fyller Ingrid 15 år, konfirmant 24. mai, snart vaksa jente. Ingrid er ei snill, flink og populær jente som har omsorg for dei ho har rundt seg, ei ekte "hestejente" frå ho var lita og har sin eigen hest som ho forgudar. Familien feira bursdagen i går på kvinnedagen, venneparty fredags kvelden. Takk for ein koseleg søndagskveld.