Magnus byrja denne veka - inni mellom bygene - å skrape vestveggen på huset og klargjere for måling. Vi ser på yr.no kor tid det er arbeidsver. Han har fått låne ein kjeledress av Besten i str. 56 frå Liaaen si tid. Lengda passar, men han er litt "slånkjen" i den endå! Ja gutane veks oss over hovudet. Den gamle bordkledninga skal få ein sjanse til, Besten tykkjer ho er for god å skifte endå. Målet med sommarjobben er å tene pengar til bærbar PC.
Vi har også tilsett målar. Her gjeld det lommepengar til Norway Cup.
SvarSlettHan som skal på Skaw cup, skal vaske treveggene på stova.
Eg har avisa ein frysar i dag og vaska litt skåp.
Det er nok å gjere i det elendige veret, sånn sett.
Godt å ha mange store, sterke karar som kan tre til og gjere ein jobb når ein sjølve ikkje er på topp lenger.Og PC-ar kostar pengar, så då er motivasjonen der. Vi kjem til å reise austover ein av første dagane.
SvarSlettLurt å reise no når veret er dårleg her. God tur. Eidabesta
SvarSlettFlink gut! Møtte broren på Byrkjelo i går, på veg til Metallica-konsert.
SvarSlett